Ting av verkeleg verdi har ingen prislapp.
Heller ikkje brukte kle.

photo fredrik naumann @felixfeatures

MISJON

Med solid erfaring innan bransjen for brukte tekstilar, vil vi i Fileks byggje ei verdifull verksemd ved å gje tilbake. Vi satsar stort på å tileigne oss kunnskap, vere fleksible og nytenkande. 

Fleire av oss har sjølv små born og vi vil gjerne gje noko tilbake til lokalsamfunnet ved å støtte ulike tiltak for born og unge i vår region. Først og fremst støttar vi det lokale kulturtilbodet med 1% av årleg overskot. Så må ein tenkje større. Det er viktige organisasjonar her i landet som har innverknad på og tryggjer folk flest og difor har vi valt ut to vi vil støtte; barnekreftforeininga og Norsk luftambulanse. Desse mottek kvar månad ein bestemt del av vårt overskot.

Kva har vi fått til fram til no?

2015 - Samla vi inn 8 tonn av møblar som vart eksportert til gjenbruk.
2016 - Dei første 10 innsamlingskonteinarane vart utplassert i Møre og Romsdal.
Innsamling av møblar var framleis i gang medan vi arbeidde med å skifte fokus til innsamling av kle.
I tredje kvartal av 2016 beslutta vi ar vi ville plassere ut 22 nye innsamlingskonteinarar og siste last med brukte møblar vart sendt frå Norge.
2017 - Breitt nettverk av innsamlingspunkt er på plass.
2019 - Fileks har etablert tillit og har mange samarbeidspartnarar.

 

Menneska bak