Vel rett - gje det vidare!

photo fredrik naumann @felixfeatures

photo fredrik naumann @felixfeatures

Ting av verkeleg verdi har ingen prislapp. Heller ikkje brukte kle.

Har du skapet fullt av kle du ikkje har bruk for? Gamle handdukar og sengesett som er falma eller har slitasje? Det er ganske vanleg at vi samlar på slike ting, sko som ikkje passar, lager gnagsår eller ikkje heilt passa likevel, kle vi har gått lei av eller er fråvaksne, umoderne dukar og gardiner som skaper kaos i hyller og hovud.

Vi i Fileks trur på at brukte kle er ein ressurs vi må utnytte SMART. Kleda du gjer oss skal vidare til gjenbruk og resirkulering. Verdilause ting for deg får forlenga levetid gjennom gjenbruk eller gjenoppstår som nye og verdifulle produkt for andre. Vi vil gje tilbake. Vår målsetning er at vi skal spele ei vesentleg rolle for å skape ei betre framtid. Dette oppnår vi ved å ta sunne miljøval og å ha ei bevisst haldning til naturvern. Som eit ledd i denne prosessen får vi vere med på å skape reelle og viktige arbeidsplassar for menneske frå ditt lokalsamfunn.

Våre verdiar; vi er ærlege, lidenskapelege og ansvarsfulle. 


Slank restavfallet!

Ein fersk rapport viser at kvart år hiv kvar enkelt innbyggar 7,6 kg med kle i restavfallet. Har du plass til ein konteinar ved di bedrift, på din eigedom eller ein stad som passar? Ta kontakt med oss og ta del i innsatsen.

Synergieffekt

Har du ein konteinar ved døra til din butikk eller utsalsstad gjer du dine kundar nok ein god grunn for å handle nettopp med deg. Våre konteinarar er smakfullt dekorert og plassert med omhu for at området rundt skal sjå bra og ivareteken ut.

Vedlikehald og tømming

Våre sjåførar er fast på vegen og tømmer jamt og trutt. Det er ikkje krav eller forventningar til deg som grunneigar eller til dine tilsette. Vi tek oss av alt så du kan ta imot dine kundar, kanskje endå fleire enn før?

stiftelsen norsk luftambulanse .jpg

God helse kjem ikkje gratis

Vi har i lang tid delt av vårt overskot med Barnekreftforeininga og Norsk luftambulanse. Vi håper vi du tenkjer deg godt om før du vel kva for dunk du skal velje til din pose.

 

Vi er stolt støttebedrift til Barnekreftforeininga og Stiftelsen Norsk Luftambulanse - du veit aldri når du treng dei!

— Plamen Petkov

 
IMG_1010.jpeg

Med blikk for estetikk

Vi veit nok at mange tykkjer det er stygt og dominerande med slike konteinarar. Difor har vi brukt mykje tid og resursar på eit estetisk bra inntrykk. Våre konteinarar er ikkje av den største slaget, dei er smakfullt dekorert og plassert med omhu for omgjevnadane. Våre montørar sørgar for at dei er forsvarleg forankra til staden og er motstandsdyktige for uhell, velt og verpåkjenning.