photo fredrik naumann @felixfeatures

KVA SKJER MED KLEDA DU LEVERER TIL FILEKS?

Du lurer sikkert på kva som skjer med kleda du gjer? Vi tømmer konteinarane og samlar alt på vårt hovudlager på Stranda. Deretter pakkar vi produkta i store sekkar som er skreddarsydd for frakt med vogntog. Sekkane sendast til sortering til følgande land:

- Polen
- Bulgaria
- Estland
- Kviterussland
- Ukraina
- Litauen osv.

Etter at kleda er sendt frå vårt lager og frakta over grensa, er det mottakar som er ansvarleg for den vidare prosessen.

Fileks har brukt mange år på å knyte til oss seriøse aktørar i dei aktuelle landa. Dette er aktørar som verdset vår visjon og meining. På bakgrunn av det kan vi seie oss trygge på at varene får kome til nytte for menneske som treng denne hjelpa

photo @cilinefilms

VI TEK IMOT ALT AV TEKSTIL OG SKO

Mange kjenner skam og skuld for å kaste kle, det mange ikkje tenker på, er at kleda kan få eit nytt liv i ein annan heim ein annan stad. I eit land som ikkje er prega av overflod og luksusen vi har ved å kunne velje kva kle ein vil bruke. Nokre kler seg i det som fins fordi det ikkje er alternativ. Slik kan du dele det du tenker på som unødig skapfyll til ei verkeleg nyttig gåve for ein som treng det. Samstundes gjer du deg sjølv godt samvit.

Vi tek imot alt av tekstil, til dømes:

- holete, flekkete og utvaska kle
- kle og sko med slitasje
- dynetrekk, laken og putevar
- handdukar
- gardiner
- dyner og puter
- mjuke leiker

Nei takk til:
- våte kle
- søppel

Kast ikkje kle i restavfallet!