Utplassering av konteinarar

Til alle grunneigarar

Med solid erfaring innan bransjen for brukte tekstilar, vil vi i Fileks byggje ei verdifull verksemd ved å gje tilbake. Vi satsar stort på å tileigne oss kunnskap, vere fleksible og nytenkande. 

Fleire av oss har sjølv små born og vi vil gjerne gje noko tilbake til lokalsamfunnet ved å støtte ulike tiltak for born og unge i vår region. Først og fremst støttar vi det lokale kulturtilbodet med 1% av årleg overskot. Så må ein tenkje større. Det er viktige organisasjonar her i landet som har innverknad på og tryggjer folk flest og difor har vi valt ut to vi vil støtte; barnekreftforeininga og Norsk luftambulanse. Desse mottek kvar månad ein bestemt del av vårt overskot.

Utplassering er gratis og erfaring tilseier at utsalsstader med denne typen ekstratilbod aukar kundestraumen.

På kartet under kan du sjå kor du finn utplasserte Fileks-kontainerar.